Eid

Von Idrettslag

Gapahuk i Gjeilefjæra

I 2017 opna vi bygdavegen vår, bygd på dugnad av innbyggjarane i Holmøyane.Vi har heile tida hatt i tankane at vi skulle byggje miljøplassar langs vegen. Vi har allereie ordna nokre plassar langs vegen der ein kan stoppe, ta seg ein kvil og nyte den flotte naturen. Det har etter kvart som vegen har blitt tatt i bruk dukka opp ein idé om at det burde byggjast ein gapahuk med grill langs vegen. Dugnadsånda er igjen på plass, og vi er klar til å sette ideen ut i livet.