Eid

VINDFYLLA SPELEMANNSLAG

Folkemusikk til folket!

Vindfylla Spelemannslag har medlem frå 6 til 83 år. Vindfylla driv utstrakt speleaktivitet, mest på dugnad. Laget tek vare på og spreier kulturarv frå Ytre til Indre Nordfjord. Spelemannskulturen har vore sterk gjennom hundreår, og med 16 born på fele i Kjølsdalen pr haust 2019 kan kulturen vare i mange år! Vindfylla ønskjer å spele inn slåtter med lokal forankring. Vi ønskjer å dele musikken og historiane bak med flest mogleg, og søkjer midlar til INN- og UTspeling av musikk!