Leikanger, Sogndal

SYSTROND SPEIDERGRUPPE

Restaurere gamle skihytta som møteplass for aktivt friluftsliv for alle

Den gamle skihytta på Kleppa er snart 100 år, og hytta og skibakkane vart bygd på 20-talet. Der var det m.a. fylkesrenn i hopp og langrenn og eit viktig knutepunkt for skiaktivitet. Ei restaurert hytte som alle kan nytte, vil igjen vere ein stad for aktivt friluftsliv og folkehelse. Restaurering av grunnmur, tak og vindauge m.m. har budsjett på 400k. Speideren er søkjar med barnas turlag, sogelaget, idrettslag og mange innbyggarar som støttespelarar.