Suldal, Sauda & Suldal

SULDAL KFUK-KFUM- SPEIDARAR

Tak over hovudet

Speidaren reiser på leir kvart år. Alle aktiviteter inkl. matlaging og oppvask foregår utandørs. Nokon år er regnet utfordringa, andre år er det sola me må beskytte oss mot. For å ha ein triveleg samlingsplass for gruppa (pr i dag over 60 medl.) ønsker me å kjøpe eit Cava mastesegl. Dette ville forenkla rigging av leirområde betydelig. Litt av speidarideen er å lage til bord, oppvaskbenk og andre innretningar av raier (stokkar) og tau. Dette vil me fortsetje med under eit solid og kraftig tak!