
Suldal, Sauda & Suldal
Suldal IL -Skigruppa
Utstyrsbank - innetrening
Skigruppa i Suldal IL har innetrening for alle barn på hausten og fram til snøen kjem. Dette er eit populært tilbod, også for dei som ikkje ønskjer å gå på skitrening. Her har me fokus på balanse, kondisjon, styrke, samarbeidsøvingar, leik og rørsleglede. Dagens utstyr i salen er av svært gamal årgang. Det er slitt, gir lite moglegheiter for variasjon, utfordringar og progresjon. Skigruppa ønskjer å kjøpe inn: AirTrack, trampoline, turnmatte, sprangkasse i skum, voltpute m.m