Suldal, Sauda & Suldal

Suldal Idrettslag

Hjartestarterar - Suldal IL

Suldal IL søkjer støtte til innkjøp av to hjartestarterar (ink. kurs for våre trenarar/lagleiarar); ein til fotballområdet i Prestavikja og ein til Gullinghuset. Begge desse stadene er mykje nytta både aktivt i idrettslaget sin regi, men også av andre. Pr. idag er det ingen hjartestarterar i umiddelbar nærleik til desse lokasjonane, og kritisk tid kan gå tapt. Planen er å kjøpe inn hjartestarterane gjennom Suldal Røde Kors, som også vi ha ansvar for drift og ettersyn i åra framover.