Luster, Sogndal

STIFTINGA ORMELID GARD

utedo for alle!

Den freda høgdegarden Ormelid i Luster har ein utedo som vart bygd i 1928 og "fiksa" på i 2017. I 2021 skal Ormelid igjen opnast for gjester etter ei omfattande restaurering. for tida har me 5 bygningar i arbeid. Når me opnar opp for besøkjande og turgåarar treng me 3 nye utedoar som skal vera tilgjengeleg for alle heile året. Ormelid er ein gamal gjestegard frå mellomalderen og me gler oss til å opna opp att for farande over fjellet på mellomaldervegen "Dølavegen" som går til Lom.