Eid

STIFTINGA EMBLA KVINNESKIPET RO FOR FRED

Vøling av Kvinneskipet, fredsskipet, kulturskipet, vikingskipet, miljø-og naturskipet.

Vikingskipet vårt som no er 25 år og som har blitt brukt på mange arrangementrundt omkring både i Noreg og i fleire land, er no i dårleg forfatning. Båtbyggaren, Jakob Helset har gitt oss råd om å lute ned og få bort all gammal smurning og få på ny. Vi treng ein stad der vi får båten opp og inn. Har fått plass på Fosnavåg Slippen, der Herøykystlag vil hjelpe oss, både med råd og veiledning og litt hjelp. Båten treng å bli frakta til Fosnavåg. Vi søkjer støtte ti å få gjennomført dette.