Sogndal

STEDJEÅSEN TRAKKARLAG

Trim, tur og rekreasjon med folkehelse i Stedjeåsen

Stedjeåsen er eit verdfullt område til tur, trim og rekreasjon for alle aldersgrupper. Det har blitt registrert om lag 6000 turar i året. Potensialet er stort i eit folkehelseperspektiv. Stedjeåsen Trakkarlag har jamlege dugnader for å rydde stiar m.m. Bruken av området aukar mykje, vi planlegg difor å kjøpe inn materialar og utstyr til bruk for utbetring og rydding av stiane, fleire benkar og informasjonstavler som m.a. fortel om historia frå farne tider, som husmannsplassar og slåtteteigar.