Eid

STÅRHEIM IDRETTSLAG

Stårheimsparken

I Stårheim IL bankar hjarta for Stårheimsparken. Ikkje berre skal Stårheim skule få eit av dei flottaste uteområda i Vestland fylke. På fritida blir dette samlingsstad, leikepark og trivselsområde, lett tilgjengeleg for alle i distriktet. Grus og gjørme skal erstattast med klatrepark, paviljong, kinadisse, kanonballbane, klatrevegg, ballbinge, trampolineområde, lengdegrop og balanseutfordringar. Borna har bestemt utforminga. Bygginga er i gang, men vi treng støtte for å få alt ferdig.