Sogndal

SOGNDAL SKULEMUSIKK

Oppsving for Sogndal skulemusikk

Sogndal skulemusikk har no 17 musikantar og 9 aspirantar. I fleire år me hatt nedgang – eit år var me berre 8. No har me gledeleg utvikling med fleire aspirantar kvart år – mange vil begynne. Me vil igjen gå i tog på 17. mai, spele konsertar og dra på korpstur. Det er draumen vår. Me treng instrument og utstyr - og pengar til tur! Vårt hjerte bankar for musikken i Sogndal – me vil bli ei musikkbygd! Me har energi, innsatsvilje og legg ned masse arbeid. Støtt oss for musikk for barn i Sogndal.