Sogndal

Sogndal Røde Kors,

Tilrettelegging for funksjonshemma og utviding av møterom

Vi skal bygge ein utvendig rampe for rullestolbrukararog lage ny inngang til møterommet. Vi skal bygge om garasjen og få inngang til møterommet på taket av garasjen. Det skal bli ein kombinert balkong og inngang til møterommet frå rullestolrampen. Vidare skal vi utvide møterommet inn i eit kontor. Då vert det direkte inngang til møterommet, og det vert betre plass for alle på medlemsmøta. Vi skal skifte ut ein stor sofa med meir tenlege møblar. Dei gir plass til fleire, og er betre å sitje i.