Sogndal

SOGNDAL MUSIKKLAG

Kle opp ein sprek 91-åring - kanskje blir me 100?

Kva ville 17. mai vore utan korpsmusikk? Sogndal Musikklag slit med å rekruttere unge musikarar. Me må tilpasse oss for å lokke til oss nye medlemar. Dei ein gong kvite uniformsjakkane våre, er ikkje så kvite lenger. Dei er rett og slett ikkje egna til å rekruttere nye medlemar. Sogndal Musikklag vil difor søkje Hjartebank 2019 om midlar til uniformering av korpset slik at me kan framstå som eit flott syn, til glede for både musikarar og publikum.