Sogndal

Sogndal køyre- og rideklubb

Tribune og belysning

Sogndal køyre og rideklubb er ein klubb med 76 medlemmar. Klubben har som mål at medlemmane skal oppleve eit fellesskap og føle meistring. Mange av aktivitetane som vert arrangert er eit lågterskeltilbod slik at flest mogleg kan delta. Gode fasilitetar gjev moglegheit for eit breiare tilbod til medlemmane. Utandørs bana vår har behov for belysning og ei tribune tilrettelagt for rørslehemma. Tanken er at dette området også kan nyttast av andre klubbar og foreiningar i lokalsamfunn.