Sogndal

SOGNDAL KOMMUNE

Fjørevegen 17

Fjørevegen 17 er eit hus i Sogndalsfjøra som skal vera eit nav/møteplass for frivillige og aktivitetar i heile kommunen. Det blir no tilrettelagt for møterom og storkjøkken slik at lag og organisasjoner kan bruke lokalet til aktivitetar. Vi treng midlar til å utruste kjøkkenet og møteromma. Huset er og ein unik moglegheit til å integrere våre nye landsmenn og tilflyttarar. Frivilligsentralen har flytta inn i huset og driftar huset i dag. Vi har og ein utstyrsentral som blir lagra her no.