Sogndal

SOGNDAL KOMMUNE

Kafé Møteplassen

Kafé Møteplassen er eit sosialt lågterskel-tilbod for vaksne i Sogndal og omegn. Annakvar veke kan ein få kaffi og ein god prat i Frivilligsentralen sitt lokale. Me vil gjere sosialt samvær og kjekke aktivitetar tilgjengeleg, gjennom eigne arr. som spelkveld, fotokurs, minikonsert, og gjennom å legge til rette for deltaking på allereie tilgjengelege tilbod. Me treng midlar for å kunne ha eit interessant tilbod, og for å kunne legge til rette for deltaking uavhengig av økonomi og fysisk funksjon.