Sogndal

SOGNDAL HESTEALSLAG

Ridebane 50x100 (utebane)

Sogndal Hestealslag brenn for å arrangere trening, kurs og konkurransar i greinene brukshest, skogshest og sportskøyring med vogn. Over fleire år har me arrangert treningar, helgesamlingar og lokalkonkurransar. Me har alltid eigne klassar for rekruttar og juniorar då dette er ei viktig målgruppe i arbeidet vårt. For å gi eit godt tilbod treng me at området blir tilrettelagd for desse greinene. Til dette treng me ei større utandørs bane med egna underlag.