Leikanger, Sogndal

SMÅSPRETTEN

Utstyr til oppstart og vidareutvikling av Småspretten

Småspretten ynskjer å legge til rette for aktivitet for aldersgruppa 2-5 år på Leikanger. Vi startar opp i haust, og vi ynskjer å søke om pengar både for å kunne kjøpe inn meir utstyr som gir ungane gode utfordringar, men og for å ha noko midlar til å gjere litt meir ut av samlingane, t.d ved å kunne kjøpe inn frukt eller liknande. I tillegg til kjekk og lærerik aktivitet, som er hovudmålet vårt, vil vi og vera ein sosial arena for både born og vaksne.