Sauda, Sauda & Suldal

SAUDA TURLAG

Øvre Sandvann, oppgradering kjøkken og toalett

Sauda Turlag (ST) har ca. 400 medlemmer, der formålet er å få flest mulig ut i naturen, med både fysiske og psykiske fordeler som den det gir. ST fyller 30 år i haust, og er ein underavdeling i Haugesund Turistforening. ST har leigeavtale med Saudefaldene AS om den gamle arbeidsbrakka på Røldals-fjellet ved øvre Sandvann (1005 m.o.h.) frå 1920-åra. Med enkel standard, vedfyring og utedo. Heilt grunnleggande og nødvendig vedlikehold utføres kvart år oppe i dette værharde terrenget, då særlig utvendig.

Men det er sterkt ynskjelig å oppdatere hytta innvendig på både kjøkken, gang og stove med eit prisoverslag på 75 000,- kr. Også sanitære forhold treng oppgradering på både vaskerom og utedo, som er kostnadsrekna til 30 000,- kr. Totalt søkjer ST om økonomisk stønad på 105 000,- kr.

På sommarstid tar det ca. 1,5 time å gå til hytta frå bilveg. Transport med tungt utstyr foregår i båt 3 km på nedre Sandvann inn til hytta, på dugnad.

Håper Sparebanken Vest med Hjertebank ser positivt på søknaden vår !