Sauda, Sauda & Suldal

SAMEIET BIRKELAND, ENGJA OG SØNDENÅ GRUNNEIGARALAG

Ta sjansen

Under Saudadagane i 2019 arrangerte me for første gang "ta sjansen" i Andedammen nær Sauda sentrum. Opplegget var etter modell av tidligare tiders ta sjansen i Holmenkollen. 8 farkoster var påmeldt, og det var stor entusiasme, kreativitet og pågangsmot frå lokale bedrifter og privatpersonar. Det blei lagt ned ein betydeleg dugnadsinnsats frå ein heil gjeng med lokalpatriotar som hadde lyst å få dette til. Det blei lagt ned mykje arbeid for å få dette til å vera eit trygt arrangemang, samtidig som det skulle vera familievenleg, publikumsvenleg og underhaldande. Det blei vidare lagt ned eit stort arbeid med montering av stillas og rampe slik at konkuransen kunne gjennomførast. Både stillas, bygging av stillas og rampe, samt kraning av stillas blei alt gjort på dugnad. Matrialer til stillas og rampe blei også gitt av lokale bedrifter. me kunne fortalt mykje om arbeidet i forkant, men kort fortalt så blei ta sjansen ein kjempesuksess der omlag 1000 publikummerar møtte opp. Me har fått svært mange lovord om arrangemanget og det lokale engasjemanget dette skapte på mange arenaer. Me får stadig spørsmål om me skal arrangera nytt ta sjansen i 2020, noko me har veldig lyst til.Men det er eit men, me kan ikkje rekne med å få så mykje på dugnad år etter år. Me vil prøva å lage ei rampeløysing som kan lagrast frå år til år, slik at denne berre kan heisast på plass når eit nytt arrangemang nærmar seg. Sjølv om me heva vass standen i Andedammen maksimalt, så er det litt for grunt der båtane forlet rampen, her må me grava ut noko masse i dammen, og det har også ein kostnad. dette er lufta med teknisk etat, og dei ser ikkje problemer med at dette blir gjort. Me har også planar om å utvide arrangemanget med "palleløp" eller tilsvarande over andedammen for å fylla ut ventetida mens ny båt blir klargjort på rampen. Dette vil også ha kostnader og arbeid forbunde med seg. Sjølv om arrangemanget ser enkelt ut, så ligg det enormt mykje arbeid bak, og me håper at Sparebanken vest ser verdien av slike lokale tiltak. Me var heldige, og fekk 5000Kr frå dykk også i fjor, pengar som kom svært godt med. SPV fekk god valuta for desse pengane ved at de blei kraftig profilierte under arrangemanget. Me vonar også at de ser verdien av det lokale engasjemanget hjå både private og bedrifter i Sauda og tilgodeser oss med omsøkt sum. Mvh Ivar Tangeraas