Leikanger, Sogndal

Røysaleite grendalag

Frå (u)gras til grus

Grenda vår har er ei enkel ballbane som før var dekt av grus. Her møtest ungar og vaksne for å sparke fotball og leike. Vi brenn for denne vetle opninga mellom husa i ei tid der ein byggjer tettare og har det travlare. Hjarta våre bankar for ein stad å møtast. Bana vår treng eit løft, for no har ugras fått overtaket. Vi vil kombinere dugnadsinnsats med innleigd maskinhjelp for å fjerne alt ugras på bana, jamne ut dekket og tilføre ny grus. Vi trur ei betre bane vil lokke endå fleire ut døra.