Suldal, Sauda & Suldal

OSEN VEL

LEIKE- OG GRILLHYTTA

Me har ein leikeplass som no dei siste åra er godt opprusta, med nye leiker for borna og tryggja med ny sand. Alt arbeid vart gjort på dugnad, men kommunen støtta innkjøp. Ynskje no er å få sett opp eit tak, slik ein kan sitja turt, og kan då fungera som leike- og grillhytta. Den kommunale barnehagen på Suldalsosen ligg omlag 2 km i frå, så dei nyttar dette området til turar - då med naturleg pauseplass på leikeplassen. Ta kontakt om de har spørsmål.