Eid

NORDFJORDEID SKULEKORPS

Storblåst rekruttering

Nordfjordeid Skulekorps drøymer om storslagne fordums tider der vi viste vi godt igjen i barnetoget og musikken ljoma mellom fjella når korpset var ute på øving. I dag er det så vidt vi høyrest og viser att i våre flotte, raude uniformer. For å oppnå vår draum om eit stort og mektig korps søker vi pengar til rekruttering. Vi ynskjer å hente heim tidlegare korpsmedlemmer som har gjort suksess innan musikk. Vi ynskjer dei skal inspirere og spreie speleglede i lokalmiljøet.