Eid

NORDFJORDEID SANITETSFORENING

Kløvertur

Kløvertur er ein utandørsaktivitet. Ei eiga turnemnd set opp turliste, kvar torsdag kl 17:00. Turane er gratis og opne for alle. Dette har blitt veldig populært då det er turar som alle kan vere med på. Vi stiller med bilar når vi skal ut av sentrum. Turane er viktig for både dei som slit med einsemd og for dei som ynskjer nokon å gå saman med. Kome seg ut og treffe andre. Kome seg ut i naturen, fysisk aktivitet kombinert med det sosiale. Gode pausar med god prat, niste og drikke.