Sogndal

Norane Ungdomslag

Sit godt, midt i nye kommunen!

Norane ungdomslag arrangerar ulike aktivitetar i løpet av året. Frå bingo for vaksne og eldre, til konsertar og treff for unge. Stolane våre er gamle og modne for utskifting. Med nye stolar og betre sittekomfort vert det kjekkare for folk i alle aldrar å delta på dei ulike arrangementa våre, året rundt. Norane er midt i den nye kommunen, og vil vera ein naturleg møteplass for alle. Nortun er eit samfunnshus med lange tradisjonar, som kvar veke samlar folk til korøving, bingo, korps og 4H.