Sogndal

NORANE IDRETTSLAG

Universelt utforma tilkomst til friområde på Ylvisåker

Norane Idrettslag utviklar friluftsområdet på Ylvisåker. Det siste året har me arbeida med ein universelt utforma gapahuk. Me har brukt tid på å få denne tilgjengeleg for dei som brukar rullestol og barnevogner, og i sommar har den blitt brukt av begge deler! Sidan vegen frå parkeringsplass og bort til gapahuken og stranda er krongelte og lang, ynskjer me å laga ein snarveg som gjer dette enklare! Me vil og rydde stranda og gjere den tilgjengeleg for alle.