Eid

Midtre Nordfjord Turlag

Trygg i naturen.

"Livet er best ute" er ein av dei mest brukte hashtaggane idag. Det er in å gå i fjellet både sommar og vinter. MNT er ein frivillig organisasjon under DNT, som jobbar for å få folk ut i naturen på ein trygg og god måte. Toppturar på ski har hatt stor auke dei siste åra. Desverre er det mange som har manglande kunnskap om trygg ferdsel og faremoment. Dette ynskjer vi å gjere noko med! Vi søkjer om midlar for å arrangere skredsamling og kjøpe skredsøkjarar til gratis utlån for våre medlemmar.