Suldal, Sauda & Suldal

Mental Helse Suldal

Arbeids-og samversglede

Arbeida-og samversglede
Mental helse Suldal har i heile sommar møttest kvar måndag i den nedlagde Sansehagen på Sand som er tilknytta Bjødnateigen og Psykisk helse i Suldal kommune. Vi har grave og planta og rydda og har også skrapt saman til trillebår og nokre reiskapar. Det vi treng no er eit lite hus til oppbevaring. Platting til skuret vart sett opp før Helse fonna omorganiserte både somatiske og psykiske helsetenester så alt er klart utanom finansieringa. Psykisk helse i Suldal kommune har lågterskeltilbod som vår hagegruppe nyttar seg av. Dei gler seg til haust og vinter når dei kanskje får høve til å bygge. Men det står på finansiering.
I sommar har vi sett kor godt det er å vere saman og ha både arbeid, - og drøs og prat over ein kaffikopp. Det vil vi så gjerne halde fram med og søkjer dermed om pengehjelp. Material er dyrt, ca 50000 til huset, men vi vert glade for alle slags tilskott, og arbeidskrafta er heldigvis gratis.