Luster, Sogndal

LUSTER FRIVILLIGSENTRAL

Friluftsliv for utviklingshemma - turtilbod for alle

Friluftsliv for utviklingshemma er eit samarbeid mellom Luster turlag og Luster frivilligsentral. Det er ynskjeleg å starte opp ei undergruppe i Luster turlag som er retta mot friluftsliv for utviklingshemma. Tanken er å ha turar ca. 1 gong. pr. mnd. Turane kan skje på ettermiddagstid eller på helg avhengig av kva type tur ein planlegger. Tilbodet skal inkludere alle aldrar og skal vere eit tilbod for familie, venner og andre med relasjon til deltakarane.