Leikanger, Sogndal

LEIKANGER MUSIKKLAG

Vinterfestivalen for musikkorps 2020

Vinterfestivalen er ein sosial og musikalsk møteplass for korpsmusikantar i Sogn. Vi skal øve inn ny musikk og spele konsert. Med intensive økter, med profesjonelle instruktørar, blir det kompetanseheving og inspirasjon for unge og vaksne musikantar. Vinterfestivalen skjer den første helga i februar på Kviknes hotel i Balestrand. Vinterfestivalen har vore arrangert sidan 2012, med ein pause i 2019. Musikklaga i Leikanger og Balestrand søker om midlar til å arrangere.