Lærdal, Sogndal

Lærdal Røde Kors

Base for kurs, aktivitet og beredskap på Filefjell

Lærdal Røde kors har kjøpt ei hytte på Filefjell i Lærdal. Her er stort utfartsområde med Kongevegen over Filefjell og populære skiløpyer rett forbi hytta og gode jakt og fiskemoglegheiter. Hytta er no pussa opp med STOR dugnadsinnsats, og kan fint nyttast som hytte. Men me vil no vidareutvikle hytta til å bli ein beredskapsbase for oss, med KO-rom, nødnettladere, PC med kartprogram ++ i tillegg til utstyr til kurs- og aktivitetssenter, også for born og unge med ulik bakgrunn!