Lærdal, Sogndal

LÆRDAL IDRETTSLAG

Kunstisbane - Sogn Vinterpark

Lærdal Idrettslag vil bygge kunstisbane for skeise og anna isleik under Bergo i Lærdal. Her er det perfekte forhold for utandørs skeiseanlegg då det ikkje er sol her om vinteren. Denne typen idrettsanlegg nyttast til både organisert og uorganisert fysisk aktivitet og er eit veldig godt tilbod innan utandørs vinteraktivitet. Det kjem mange aktive løparar, ungar og mosjonistar frå heile regionen når det er gode isforhold på dagens naturisbane.