Eid

KRUNHJORTEN 4H

Krokettplassen - hjartet til ungdomen i bygda vår

Vi jobbar med oppføring av ei grillhytte og ei reiskapsbod på samlingsplassen vår «Krokettplassen» i Ålfoten (Bremanger). Medlemmane har ansvar for drifta av plassen med bl.a plenklipp og bosstømming m.m. Vi set no opp ei grillhytte som kan vere samlingslokale når det regnar og på kveldstid når det er kjølig ute. Vi set og opp eit reiskapshus for å lagre og ivareta utstyr. Vi går sjølve inn i prosjektet med ca 80 000 kr. Totalbudsjettet er på kr 231 000. Vi er no inne i sluttfinansieringsfasen.