Austevoll

Kreftomsorg Austevoll

Trening og avspenning for kreftpasientar

Vinteren 2019 starta Kreftomsorg Austevoll opp med trening for kreftpasientar. Me ynskjer å fortsette med dette spesialtilpassa tilbodet vidare, då det var gode tilbakemeldingar. Her treff man andre i same situasjon, og kan dele erfaringer ift sjukdomen sin. Det er ikkje tilbod her i Austevoll for denne gruppa, og ynskjer derfor å søkje om midlar til dekking av instruktørar. I tillegg ynskjer me å utdanne ein Aktiv mot kreft-instruktør, som har ein spesialkompetanse innen dette området.