Austevoll

KOLBEINSVIK VEL

Kenneth Samland

Kolbeinsvik Vel set i løpet av hausten i gong eit utbyggjingsprosjekt med kultur i fokus. Me er ydmyke nok til å sjå at me er bygda #midtimellom, men såpass ubeskjedne at me veit me er best på revy, teater og korps. Gjennom utbyggjing av Brekka 35 og Brekka 39 ynskjer me å gje desse viktige kulturgruppene dei tilhøva dei fortjener. Med enkle grep og små midlar kan me samstundes leggje til rette for ny kultursatsing i Kolbeinsvik, og bidra til auka rekruttering til kulturskulen.