Sogndal

KJØRNES VELFORENING

Kjørnes Aktivitetspark

Kjørnes er ei grend ca. 4 km utanfor Sogndal sentrum som har vokst kraftig dei siste åra. Innbyggartalet i grenda er no over 800, og vil truleg passere 1000 personar når feltet om få år er ferdig utbygd. Kjørnes Vel er i gang med å etablere ein aktivitetspark midt i grenda. Totalbudsjettet for aktivitetsparken er ca. 1,6 millionar, inkl. 675.000 i eigeninnsats i dugnadstimar. Me vil vere svært takknemlege om Hjertebank kan støtte heile, eller deler av prosjektet.