Sogndal

KAUPANGER SPEIDERGRUPPE

Kaupanger speidargruppe - nye aktivitetar og utstyr for mestring og glede

Kaupanger speidargruppe er ei aktiv gruppe med turar om lag ein gong i månaden året rundt. Vi ønskjer no å utvikle og utvide aktiviteten i gruppa slik at tilbodet vert endå meir variert og kan femne om fleire barn og unge. Vi treng å investere i utstyr som nye hengarar, og vil starte med merkekveldar der speidarane tek del i prosjekt med læring innan ulike tema. Speidargruppa ønskjer å fylle eit rom, og vil gi endå meir mestring og glede for breidda av barn og unge i bygda vår.