Sogndal

Kaupanger IL

SJÅ OG HØYR! - Oppgradering av lys og lyd.

KIL har eit flott anlegg som stadig er i utvikling. Dei to siste prosjekta har vore å legge nytt dekke på hovudbana og å bygge pumptrack (samarbeid med Sogn Terrengsykkel). No trengst det ei oppgradering av lys- og lydanlegg. Vi ynskjer at spelarane skal ha betre forhold når dei trenar om kvelden. Slik lyset er no, kan det vere vanskeleg å skille draktfargar som grøn og blå. I tillegg ynskjer vi at publikum skal få ei betre oppleving slik at dei klarer å høyre godt det som vert formidla. :-)