Luster, Sogndal

INDRE HAFSLO BYGDE- OG UNGDOMSLAG

Å skapa ein levande møteplass for alle i bygda!

Tilrettelegging og oppgradering for å få eit funksjonelt og levande samlingspunkt i bygda. Dagens grendahus Ljosvang er frå 1937 og seinare påbygd med nye garderober og toalett på slutten av 70-talet. Dette treng for lengst ei oppgradering av eksisterande bygg. Ikkje minst tilrettelegging for rørslehemma. Bygda er i positiv vekst. Det er eit godt organisasjonsliv i bygda men særleg aktivt revymiljø. Vårliv 4H nyttar bygget fast, det er ein av dei elste 4H klubbane i fylket.