Arna

Hordaland Mållag

Nynorsk i Arna

Saman med Arna Mållag, som nyleg har fått nytt liv, ynskjer Hordaland Mållag å gjennomføra eit nynorsk formidlingsprosjekt i Arna bydel. Me startar opp seinhaustes 2019 og håpar å driva på ein lengre periode framover, i alle fall ut 2020. Prosjektet vil vera utbreidd møteaktivitet for tilsette i barnehage og skule, og borna i barnehagane og skulane, samt deira føresette. Utgiftene våre vil vera til informasjonsmateriell og praktisk utstyr til møta, og bokpakker til barnehagar og skulebibliotek.