
Eid
Hjelle krins utviklingslag
Leikeplass for dei minste - Mogrenda
I Mogrenda byggefelt på Hjelle er det ein eldre kommunal leikeplass (1986) som sårt treng oppgradering. Grunneigar er Eid kommune, men det er ikkje økonomi i kommunen til å oppgradere denne leikeplassen. Heile bygda saknar ein plass for dei yngre (1-6) år, då leikeapparata på Hjelle skule ikkje er tilpassa dei minste. Oppgraderinga er tenkt å ta på dugnad og pengane treng vi til leikeapparat og nytt underlag. Vi har og ein barnehage i krinsen som ynskjer ein trygg leikeplass i nærmiljøet.