Eid

HAUGEN SKULEMUSIKK 2018

Haugen skulemusikk - med hjarta i takt

Korps er identitetsskapande, skaper kameratskap og musikkglede. I ei lita bygd kan skulekorpset vere ein viktig brubyggjar og kan skape samhald mellom mange i lokalsamfunnet. Skulekorpset vart "restarta" i 2018, etter 5 år i dvale, og instruktør er Arvid Anthun frå Førde - ein svært anerkjend musikar og korpsmann i inn- og utland. Midlar frå Hjartebank vil gjere skulemusikken enno betre rusta til lukkast med revitaliseringa av korpset og organisasjonen rundt.