Eid

HAUGEN IL HANDBALL

HANDBALL FOR ALLE _ ALLEMED <3 Eit samarbeidsprosjekt for handballmiljøet i heile kommunen

Vi ønskjer å opprette eit fond for å hjelpe barnefamiliar slik at alle får oppleve meistring og samhald i handballaga våre uavhengig av familien sin økonomi. Klubbane opplever aukande utfordringar for deltaking då høg treningsavgift, lisens og eigenandeler for cup/reiser til saman blir ei stor økonomisk belastning. Dette ønskjer vi å ta på alvor då vi innser at det kan ta mange år før bruk av idrettsanlegg for barn og unge blir gratis i vår kommune. Sjølvsagt er det mykje utstyr klubbane kunne hatt stor nytte av, men det er dette fondet vi ønskjer å prioritere no.Vi vil utarbeide søknadskriterier for støtte, behandle søknadar konfidensielt og eit vald styre vil fordele midlar frå fondet. Våre hjarte bankar for handball<3 (Sjå meir utfyllande og søknad og grunngjeving i e-post)