Sogndal

Haugen Grendalag

Huske og Vippe

Haugen Grendalag har teke på seg ansvaret for å halde vedlike eit av dei få grøne friområda, Haugen, i Sogndal kommune. I dag står det eit huskestativ og vippe, begge frå tidleg 80-talet, som er modne for utskifting pga tryggleik. Skule/barnehagar brukar området fast kvar veka, og er ivrige brukarar av vårt utstyr. Vi søkjer etter kr 11875 for huske, vippe til kr 7375, kr 5750 til singel og betong. Området ville fått eit ansiktsløft med å skifte ut det gamle med noko nytt og moderne utstyr.