Luster, Sogndal

GAUPNE BYGDALAG

Reaksjonsområde ved Gaupnefjorden

Gaupne Bygdalag gjennomførte i 2018 ein storstilt dugnad ved fjorden og langs Engjadalselvi i Gaupne. Dette området ønskjer me å lage til eit fri- og rekreasjonsområde for innbyggarane i Gaupne, samt tilreisande. Bygdalaget har siste året invistert i benkar som er sett ut ved fjorden og langs elva, og desse er mykje brukt spesielt av den eldre generasjonen i bygda. I området ønskjer me på sikt å lage til ulike aktivitetar for barn og ungdom, grillhytte og badelagune.