Vik, Sogndal

FRESVIK UNGDOMSLAG

Alle skal kunne delta

Fresvik er i stor endring. Bygdeheimen og skulen er lagt ned. For å ta vare på det som er att og utvikle bygda vidare, er det mange prosessar som er i gang. Ungdomshuset er einaste plassen som er eigna til folkemøte og seminar. Men det er ei gruppe som ikkje er så bra representert som dei bør - dei gamle og rørslehemma. Dette er ei viktig gruppe vi absolutt vil ha med! Derfor vil vi byggja ein rullestolrampe slik at trappa ikkje er eit hinder for å vera med.