Eid

FLATRAKET IDRETTSLAG

Trimløype rundt Flatraksdalen

Flatraket er ei bygd plassert mellom Selje i nord og Vågsøy i sør. I dag er her få alternativ til turveg utanom den tungt trafikkerte fv618. Dette er ein smal, svingete og uoversikteleg veg, utan lys og med 80km/t så snart en kjem utanfor bygda. FIL ønsker derfor å lage ei trimløype rundt Flatraksdalen. Dette vil bli ein 2,5m breid grusveg, ca 3km lang. Trimløypa vi gjere dalen, og fjella rundt, tilgjengeleg på ein heilt ny måte. Trimløypa er sterkt ønska av bygdafolket,og vil vere for alle!