Sogndal

Fimreite grendalag

Vindauge Grendahuset

Grendahuset til Fimreite Grendalag frå 1923 (gamle skulehuset) treng sårt å få skifta vindauge. Me skifta i fjor 2 vindauge som kosta oss over 20.000,- 13 Vindauge gjenstår saman med piperehabilitering. Dette har ein budsjettkostnad på 199.000,- inkl 100 dugnadstimar. Grendalaget sine aktivitetar: Vedlikehald og skilting av turstiane på Fimreite, sommargudsteneste, juletrefest og ikkje minst vedlikehald av det erverdige Grendahuset vårt.