Austevoll

Elevrådet ved Austevoll Ungdomsskule

Uteområdet ved Austevoll Ungdomsskule

Elevrådet ved Austevoll Ungdomsskule ønskjer å søkje om midlar til eit betre uteområde ved skulen. Me ønskjer at elevane skal ha eit breiare tilbod i pausane som treff elevane sine ulike interesser. I dette prosjektet arbeider me på lag med leiinga ved skulen, FAU, Austevoll Vidaregåande og Austevoll Idrettsklubb. Våre hjarter bankar for sosial aktivitet, trivsel og tryggleik på skulen vår. For å få dette til treng me hjelp frå SPV hjertebank! Vil de vere med på vårt lag?