Eid

Eid Musikklag

Musikk arv frå Kjøsns Musikken

Eid Musikklag held i hevd ein gamal tradisjon frå dei tider det var eksersisplass på Nordfjordeid. I dei dagar var det Kjøsnes Musikken som spelte revelje og marsjar. I dag er det vi i Eid Musikklag som startar kvar 17. mai kl 0700 med "Den Norske Armes Revelje" og avsluttar nasjonaldagen kl 2000 med "Den Norske Armes tappenstrek". Eid Musikklag deltar også som Kjøsnesmusikken i spelet "Elskhug og Eksis" som vert holdt anna kvart år på den gamle eksersisplassen og legg ned mykje arbeid i dette.